Publisert 24.04.2024

Kraftsituasjonen veke 16, 2024

Høgare produksjon og kraftprisar

Temperaturane fall i Noreg førre veke og bidrog til ein auke i kraftforbruket. Samstundes vart vindkraftproduksjonen i Norden halvert frå veka før, noko som førte til større etterspurnad etter norsk regulerbar kraft og høgare kraftprisar i Noreg. Nord-Noreg hadde den lågaste kraftprisen i Norden med 44 øre/kWh, medan dei andre prisområda i Noreg hadde ein vekespris mellom 61 og 66 øre/kWh.

Vedlikehaldsarbeid gir for tida redusert kapasitet på fleire kraftledingar, både internt i Noreg og på mellomlandsforbiningar. I sørlege Noreg var det stor reduksjon i kapasiteten mot Danmark (DK1) og Sverige (SE3) samanlikna med veka før. Mindre tilgjengeleg utvekslingskapasitet frå sørlege Noreg bidrog truleg til fleire timar med flaskehals mot kontinentet, og lågare prisar i sørlege Noreg enn nord på kontinentet.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 16 2024.

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Silje Jelsness

Epost: sitj@nve.no