Kva kan det søkast om?
Kommunen kan søkast om tilskot til å utgreie fare for skred for områder med busetnad. Det kan maksimalt søkast tilskot til å kartlegge 10km fjellside kvart år (fordelt på maks ni områder). I smale dalar må dette målast på begge sider. Kommunen er ansvarleg for at skredfareutgreiinga blir gjennomført i henhold til NVE Veileder for utredning av sikkerhet mot skred i bratt terreng. Det skal gjennomførast uavhengig kvalitetssikring av utgreiinga og det kan også søkast om tilskot til å dekke utgiftene til dette. Kartlegginga skal avklare om det er reell fare for skred, avgrense fareområder og legge grunnlag for å identifisere bygg som bør sikrast. I tillegg kan faresonene brukast i arealplanlegging, byggesakshandsaming og beredskap.
Prosessen
Før du søker
For at vi skal kunne behandle søknaden din effektivt må søknaden vere komplett ved innsending. Les gjennom dette:
Søknadsskjema
Hugs at du må skaffe Altinn-rolla “Energi, miljø og klima”, på vegne av kommunen, før du kan åpne skjemaet. Sjekk denne tilgangen i god tid før søknadsfristen. (Lenka blir aktiv når søknadsskjemaet er publisert.)
Kontakt
Tel: 22 95 95 95
E-post: nve@nve.no
Merk e-post med "spørsmål om kartlegging av skredfare i bratt terreng" i emnefeltet