Oppgradering fra 300 kV til ny 420 kV forbindelse mellom Blåfalli, Mauranger og Samnanger

Tiltakshaver
STATNETT SF
Sakstype(r)
Nett
Saksnummer
202410184
Status
Høring
Dato
16.10.2024
Fylke
Vestland
Kommune
Kvinnherad, Ullensvang, Kvam
Send høringsuttalelse

Høringsfrist: 16.01.2025

Vi foretrekker at du bruker det elektroniske skjemaet, ved å trykke på knappen «send høringsuttalelse».
Det er også mulig å sende uttalelsen per epost, til nve@nve.no.
Merk emnefeltet med «Høringsuttalelse 202410184» , og oppgi navn og eventuelt organisasjonsnummer innledningsvis. Du kan også sende inn uttalelse per brevpost.
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har motteke tre meldingar frå Statnett SF for ny 420 kV kraftleidning frå Sauda i Rogaland via Blåfalli, Mauranger og Samnanger til Øygarden i Vestland fylke. Meldingane gjer ei overordna beskriving av Statnetts planar og forslag til kva konsekvensutgreiingar dei meiner må gjennomførast før det kan søkjast om konsesjon. Tiltaket påverkar Sauda, Etne, Kvinnherad, Ullensvang, Kvam, Samnanger, Vaksdal, Osterøy, Alver, Askøy og Øygarden kommunar.

Dei tre meldingane sendast med dette på ei felles høyring. Høyringsfristen er sett til 16. januar 2025.

Gjennom høyringa av meldingane ønskjer NVE spesielt innspel på følgjande:
  • Manglar i Statnetts forslag til konsekvensutgreiingar (utgreiingsprogram), eksempelvis tema eller spesielle lokale forhold som ikkje er vareteke og metodar som bør nyttast til særskilde tema i utgreiingane.
  • Innspel til Statnetts melde leidningstrasear
  • Om det er nye trasear som bør greiast ut utover dei som er melde
Det er først etter høyringa av konsesjonssøknadene seinare i prosessen NVE vil ta stilling til om Statnett skal få lov til å byggje kraftleidningane. Vi gjer derfor merksame på at innspel for eller mot tiltaka, under dette behovet for tiltaka, er mindre relevante i denne høyringa.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har motteke tre meldingar frå Statnett SF for ny 420 kV kraftleidning frå Sauda i Rogaland via Blåfalli, Mauranger og Samnanger til Øygarden i Vestland fylke. Meldingane gjer ei overordna beskriving av Statnetts planar og forslag til kva konsekvensutgreiingar dei meiner må gjennomførast før det kan søkjast om konsesjon.

420 kV Sauda–Blåfalli
Tiltaket inneber ein ny om lag 37 km lang 420 kV kraftleidning frå Sauda til Blåfalli og ny transformatorstasjon i Blåfalli. Eksisterande 300 kV leidning på same strekning, som er gammal og har låg overføringskapasitet, vil bli rive når den nye leidningen blir sett i drift. Tiltaket påverkar Sauda kommune i Rogaland fylke og Etne og Kvinnherad kommunar i Vestland fylke.

420 kV Blåfalli–Mauranger–Samnanger
Tiltaket inneber ein ny om lag 90 km lang 420 kV kraftleidning frå Blåfalli via Mauranger til Kvamskogen sør for Samnanger og ny transformatorstasjon i Mauranger. I tillegg kan det bli behov for nye stasjonar ved Ænes eller Fureberg sørvest for Mauranger. Strekninga mellom Kvamskogen og Samnanger transformatorstasjon er allereie bygd for 420 kV. Eksisterande 300 kV leidning på strekninga Blåfalli–Mauranger–Kvamskogen, som er gammal og har låg overføringskapasitet, vil bli rive når den nye leidningen blir sett i drift. Det same gjeld Statnetts anlegg i dagens Mauranger transformatorstasjon. Tiltaket påverkar Kvinnherad, Ullensvang og Kvam kommunar i Vestland fylke.

420 kV Samnanger–Øygarden
Tiltaket inneber ein ny om lag 60 til 90 km lang 420 kV kraftleidning frå Samnanger til Øygarden. Statnetts Tiltaket påverkar Samnanger, Vaksdal, Osterøy, Alver, Askøy og Øygarden kommunar i Vestland fylke.