Dalekvam transformatorstasjon

Tiltakshaver
STATNETT SF
Sakstype(r)
Nett
Saksnummer
202102468, 202317989
Status
Konsesjon gitt
Dato
09.11.2022
Fylke
Vestland
Kommune
Bergen, Voss, Vaksdal

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) godkjente 11. april 2024 detaljplan for Dalekvam transformatorstasjon med tilhøyrande anlegg i Vaksdal og Bergen kommunar, Vestland fylke.

NVE har gjeve Statnett SF, Eviny Fornybar AS og BKK Nett AS konsesjon for bygging av Dalekvam transformatorstasjon i Vaksdal kommune i Vestland fylke. NVE gir òg løyve til endringar på Elvevegen og kryss mot Dalevegen, Hestavollen og Sandlivegen, og til å gjere endringar på ein kai på Garnes i Bergen kommune for å kunne transportere inn ny transformator. NVE har òg gjeve oreigningsløyve for naudsynt grunn og tilkomst for å gjennomføre tiltaka.

Eit av krava i anleggskonsesjonane er at Statnett og Eviny Fornybar (konsesjonærane) skal utarbeide detaljplan (tidlegare kalla miljø-, transport- og anleggsplan (MTA)). Ein detaljplan er ein plan for korleis konsesjonærane skal byggje anlegget for å ivareta krava i konsesjonane. Detaljplanen skal og konkretisere korleis konsesjonærane skal bygge og drive anlegga, slik at miljø og landskap vert teke best mogleg i vare.

Filoversikta til høgre er meint som ei oppsummering av viktige hendingar og steig i NVEs handsaming av saka. For meir utdjupande informasjon ber me deg søkja om innsyn på: https://einnsyn.no/sok?sort=