Øvre Grøslandselva kraftverk

Registreringsnummer
5906
Saksnummer
200905511
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
07.10.2015
Tiltakshaver
SMÅKRAFT AS
Fylke
Buskerud
Kommune
Flå
Vassdragsområde
012.CC4B
Søkt produksjon
16,70 GWh

 

NVE har handsama fire kraftverksøknader i Flå kommune i Buskerud. NVE gjev løyve til Nedre Grøslandselva og Tungremmen kraftverk, medan Øvre Grøslandselva og Gyltebekken kraftverk får avslag.

 

 

 

Dei to kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 19,8 GWh i eit middels år. Det svarar til straumbruken til om lag 990 husstandar. Prosjekta som fikk avslag kunne samla gitt om lag 17,5 GWh/år.

 

Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka. Biologisk mangfald har vore eit sentralt tema i NVE si vurdering av prosjekta. Både Øvre Grøslandselva og Gyltebekken kraftverk ville ha påverka områder med særs høge verdiar. NVE kan ikkje sjå at det er råd å avbøte negative verknader tilstrekkeleg for desse to prosjekta.

 

NVE har gjeve konsesjon til dei kraftverka som gjev minst konflikt med ålmenne interesser, og som samstundes vil bidra til produksjon av fornybar energi. For å redusere dei negative verknadane for dei ålmenne interessene, er det sett vilkår til kvart av prosjekta som har fått løyve.

 

Småkraft AS ha søkt om løyve til Øvre og Nedre Grøslandselva kraftverk og Gyltebekken kraftverk., medan Tungremmen kraftverk er eit grunneigarprosjekt.