Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Energibruk og effektivisering

03.12.2008 | 12:04

Som Noregs energidirektorat skal NVE ha god kunnskap mellom anna om energibruken, og formidle fakta og analysar om energibruk. NVE sitt ansvarsområde på dette feltet er avgrensa til stasjonær bruk av energi, og difor finn du avgrensa informasjon om bruk av energi til transportføremål på våre nettsider.

Vindmøllepark Foto:NVE Vindmøllepark Foto:NVE

Energibruken i Noreg skjer i hovudsak i dei tre sektorane industri, tenesteytande og hushald. Sektorane kan delast opp i ulike næringar eller bransjar. Sektoren for hushald kan for eksempel delast opp etter type bustad. I denne sektoren regnar vi vanlegvis også med hytter.

Energibruken er dessutan knytt til ein energiberar. Den vanlegaste energiberaren i Noreg er elektrisitet. Andre energiberarar enn elektrisitet kan nyttast til oppvarmingsføremål, og det er eit politisk mål å auke bruken av slike alternativ. Dei vanlegaste energiberarane i tillegg til elektrisitet er olje og parafin, biobrensel og gass.