Publisert 19.06.2024

Kraftsituasjonen veke 24, 2024

Auka forbruk og endra produksjonsmiks reduserte norske prisskilnadar

Kraftprisane i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) auka i ei veke med høgare nordisk kraftforbruk. Auken i forbruk var høgast i Sverige, men det var også ein auke i Midt-Noreg (NO3) grunna oppstart av prosessanlegget på Nyhamna mot slutten av veka før etter ein periode med nedetid. Samla produksjon i Norden var tilnærma uendra, men produksjonsmiksen endra seg frå veka før. Lite vind i nord, kombinert med utfall av ein svensk kjernekraftreaktor, bidrog til auka produksjon frå vasskraftverk med magasin. Slik enda regulerbar vasskraft med å setja prisane i Midt- og Nord-Noreg i mange av timane på kvardagane. For veka samla hadde Noreg kraftoverskot, og dermed nettoeksport av kraft. Vekeprisane enda på 46-50 øre/kWh i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5), 41 øre/kWh i Midt-Noreg og 35 øre/kWh i Nord-Noreg (NO4). Med høgare prisar i Midt- og Nord-Noreg blei prisskilnadane mellom norske prisområde lågare enn det som har vore vanleg for årstida dei siste åra.

For tida ser ein stor prisvariasjon over døgnet på kontinentet etter kvart som uregulerbar kraft utgjer ein større del av kraftmiksen, samstundes som sommarsesongen med lågt forbruk har starta. Førre veke gav timar med høg solkraftproduksjon på kontinentet låge, og tidvis negative, prisar som påverka prisnivået i Noreg. I soltimane midt på dagen i helga var alle dei norske prisane under 19 øre/kWh på laurdagen og lågare på sundagen. I søraust- og sørvest-Noreg (NO1 og NO2) var prisane nede i -1 øre/kWh på det lågaste.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 24 2024.

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Ole Kristian Ådnanes

Epost: okad@nve.no