Publisert 01.05.2024

Kraftsituasjonen veke 17, 2024

Lite vind løfter kraftprisane

Vind- og kjernekraftproduksjonen fall, medan vasskraft auka produksjonen i Norden sist veke. Planlagt vedlikehald reduserte produksjonen frå kjernekraftverk sør i Sverige og vindkraftproduksjonen var låg i heile Norden. Noko av bortfallet av nordisk produksjon vart motverka av ein auke i regulerbar vasskraftproduksjon i Sørvest-Noreg (NO2). Temperaturane auka litt i heile Noreg, men ikkje nok til at forbruket endra seg nemneverdig. Auka produksjon og uendra forbruk gav høgare nettoeksport frå Noreg samanlikna med veka før. Dei norske kraftprisane enda på 74-83 øre/kWh, der prisen var lågast i Nord-Noreg (NO4) og høgast i Vest-Noreg (NO5).

Gjennomsnittleg vekepris for Nord-Noreg vart 74,4 øre/kWh førre veke. Dette er ein auke på 70 prosent frå veka før og den høgaste vekeprisen i år. På denne tida av året er vassmagasina normalt på sitt lågaste. Vasskraftprodusentane tappar ned vassmagasina i forkant av snøsmeltinga. I år er det samstundes mindre snø enn normalt i nord, noko som gjer at vasskraftprodusentane har god kontroll og verdset vatnet høgt. Nivået på vassmagasina, saman med lite vindkraftproduksjon, bidrog til at prisane i Nord-Noreg nærma seg det høgare nivået i naboområda i Nord-Sverige (SE1 og SE2) og Midt-Noreg (NO3). Sjølv med høgare prisar hadde Nord-Noreg dei lågaste prisane i Norden for veka.

Merknad: På grunn av fridag 1. mai inneheld ikkje rapporten svenske magasintal for veke 17.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 17 2024.

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Ole Kristian Ådnanes

Epost: okad@nve.no