Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 19.01.2009 , sist oppdatert 11.08.2022

Kraftsystemdata

NVE forvaltar fleire typar data som beskriv tekniske, administrative og geografiske sider ved norsk el-forsyning. Dei data som ikkje er unnateke offentlegheit etter Off. lova §13 prøver vi å gjere mest mogeleg tilgjenge for etatar og andre med tenestelege behov. Sidan hausten 1995 har NVE nytta Powel ASA NetBas database som sitt nettinformasjonssystem.

NetBas

Powel NetBas er eit GIS-basert nettinformasjonssystem som gjev god anleggsdokumentasjon, støtte til effektiv planlegging, og gode analyse- og avgjerstøttemodellar. Det sentrale nettarkivet held orden på all relevant informasjon om komponentar og anlegg.

Nettarkivet gjev naudsynte data til avanserte simulerings- og analyseverktøy. Resultat og data vert presentert etter behov i kart, grafar, linjediagram eller som alfanumeriske lister og oppslag.

NetBas database inneheld tekniske data om kraftliner, kablar, transformatorar, generatorar, kondensatorbatteri, i tillegg til data for produksjon og last under ulike lasttilfelle. Databasen fortel kven som er konsesjonær og eig det enkelte anlegg, når det er satt i drift, data for konsesjon, overføringsgrenser osb.

Kart

Alle liner, kablar og transformatorstasjonar som fins i Netbas er digitalisert, dvs. geografisk stadfesta (i hovudsak frå kart i målestokk 1:50 000, men også noko frå 1:5000 og noko er nøyaktig koordinatbestemt). Ved å kombinere NetBas og GIS er vi i stand til å lage temakart over kraftsystemet. I 1996 vart det første gong laga eit nasjonalt leidningsatlas. Karta vart oppdaterte i januar 2007 men da med inndeling i 7 landsdeler og detaljkart for større byområder. Siste oppdatering var i august 2020.  Neste oppdatering kjem hausten 2022. Karta er tilgjengelege for e-verk og andre med tenestlege behov.

I tillegg har NVE digitalisert alle grenser mellom e-verk, og held oversikt over kva slags løyve det enkelte e-verk har (områdekonsesjon). NVE har laga eit landskart der alle Områdekonsesjonar teikna inn.

Kart over nettanlegg og områdekonsesjonar

Kontaktperson