Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 15.09.2015 , sist oppdatert 23.11.2021

Grunnvatn

Det er kome nye reglar om plikt til aktsemd, meldeplikt og konsesjonsplikt i vassressurslova kapittel 8 om grunnvatn.

(LOV-2000-11-24-82)

Vassressurslova omfattar også grunnvatn. Hovudregelen er at grunnvatnet tilhøyrer eigaren av den grunnen som grunnvatnet ligg under, jf. § 44. Råderetten over grunnvatnet er likevel avgrensa.

Grunneigaren kan i utgangspunktet ta ut vatn til hushald og husdyr på eigedomen utan konsesjon, men ikkje så mykje at restvassføringa i nærliggande vassdrag blir mindre enn den alminnelege lågvassføringa. Grunneigar kan heller ikkje ta ut meir vatn enn det som vert danna nytt. I så fall er vassuttaket konsesjonspliktig, jf. § 44 andre ledd og § 45 fyrste ledd.

Det er innført ei generell plikt til aktsemd for grunnvatn (§ 43 a). Ein kvar skal opptre med aktsemd for å unngå at grunnvatn vert påverka til skade eller ulempe for ålmenne eller private interesser. Tiltak som påverkar grunnvatn må planleggast og gjennomførast slik at dei er til minst mogleg skade og ulempe for ålmenne og private interesser. T.d. ved uttak av grunnvarme, sprenging av tunnelar, uttak av masse og ved uttak av grunnvatn skal tiltaket fylle alle rimelege krav, som  kan stillast til sikring mot fare for mennesker miljø eller eigedom. Brot på plikta til aktsemd kan føre til erstatningsansvar.

Regelen om at uttak av grunnvatn skal avgrensas til det grunnvassmagasinet toler, og at råderetten over grunnvatn må utøvast i samsvar med krava i vassressurslova §§ 10 og 15, er framleis gjeldande.

Uttak av grunnvatn som i seg sjølv, eller naturleg må sjåast under eitt, som overstig 100 m3/døgn, må meldast til NVE for vurdering av konsesjonsplikt (§ 45).

Ingen må starte opp grunnvasstiltak som kan vere til nemneverdig skade eller ulempe for nokon allmenne interesser utan konsesjon frå vassdragsmyndigheita (§ 45). NVE kan fastsette om eit grunnvasstiltak treng konsesjon dersom det vert sendt melding til NVE.

NVE har myndigheit til å gje løyve til uttak av grunnvatn og andre tiltak som kan påverka grunnvatnet.

Eksempel på tiltak som normalt vil vere konsesjonspliktig er uttak til vasskrevande industri, turistanlegg, offentleg vassforsyning og settefiskanlegg.

Uttak av grunnvatn som var etablert før vassressurslova trådde i kraft blir konsesjonspliktige dersom uttaket aukast eller endrast, og tiltaket ville vore konsesjonspliktig om det var nytt.

Boring etter vatn skal meldast til NGU inna tre månadar etter fullført boring (§ 46). Det er utarbeidd eiga forskrift om oppgåveplikt ved brønnboring og grunnvassundersøkingar (FOR-1996-11-19-1066).

Søknad og melding
Det er utarbeidd ein mal for søknad om uttak av grunnvatn. Denne nyttast og for meldinger. Lenke til denne finn du i høgremargen. Kor omfattande søknaden må vere, vil avhenge av omfanget av tiltaket. Dersom søknaden gjeld uttak av grunnvatn til settefiskanlegg, fins det eigen mal for dette som må brukes i tillegg. Innhaldet i søknaden må i slike tilfelle tilpassast begge malane.

Maler

Søknadsmal for grunnvatn

Bokmål
Nynorsk

Mal for melding om tiltak i grunnvatn

Bokmål
Nynorsk

Vannets kretsløp Figur: NVE
Vannets kretsløp Figur: NVE