Herje kraftverk
- Registreringsnummer
- 4535
- Saksnummer
- 200700976
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 11.05.2009
- Tiltakshaver
- RAUMA ENERGI PRODUKSJON AS
- Fylke
- Møre og Romsdal
- Kommune
- Rauma
- Vassdragsområde
- 104.11A
- Søkt produksjon
- 10,70 GWh
NVE gjev Rauma Energi AS løyve til å bygge Herje kraftverk i Rauma kommune, Møre og Romsdal. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på om lag 11 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 550 husstandar.
NVE gjev ikkje løyve til å regulere Herjevatnet med 0,5 m. NVE meiner fordelane ved reguleringa i form av auka kraftproduksjon ikkje veg opp for skadar og ulemper som påførast allmenne interesser.
Herje kraftverk vil nytte eit fall på 365 m over ein knapt 2 km lang strekning i Herjeelva. Vatnet vert ført i nedgraven røyrgate til kraftstasjonen. Frå kraftstasjonen blir vatnet tilbakeført til Herjeelva.
Av omsyn til fisk, fugl og anna liv i og ved Herjeelva og av omsyn til rekreasjons- og opplevingsverdi forbunde med elva, har NVE satt ei minstevassføring på 160 l/s frå 1. mai til 30. september og 50 l/s resten av året. NVE har lagt vekt på at utlaupsvatnet frå kraftstasjonen skal tilbakeførast til Herjeelva av omsyn til anadrom fisk.
Gjennom detaljplangodkjenning og oppfølging i byggetida vil NVE sjå til at landskapsinngrepa knytt til utbygginga vert avgrensa i størst mogleg grad.
Av omsyn til landskaps- og friluftsinteresser har NVE ikkje gjeve løyve til å regulere Herjevatnet.
NVE vurderar utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.