Søknad - Midlertidig fravik fra manøvreringsreglementet - Litledalen kraftverk - SUNNHORDLAND KRAFTLAG AS - Tapping under LRV ; - 03.07.2024 til 28.02.2025- Referansenr:JPUVTZ

Registreringsnummer
9451
Saksnummer
202412248
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Midlertidig tillatelse, vrl § 8
Underordnet sakstype
Stor vannkraft
Status
Søknad
Tiltakshaver
SUNNHORDLAND KRAFTLAG AS
Fylke
Vestland
Kommune
Etne
Vassdragsområde
041.AB

Den 29.01.2024 fekk NVE ein søknad frå Sunnhordland Kraftlag AS der dei søkar om løyve til å senke Hardelandsvatn ned til 1,0 meter under LRV i perioden 15.04.2024 til 15.11.2024. Løyve blei gitt i vedtak frå NVE 02.04.2024.

NVE fekk den 03.07.2024 ein oppfølgande søknad frå Sunnhordland Kraftlag AS der det søkast om forlenge løyve til å senke vasstanden i Hardelandsvatn til 28.02.2025. I senkingsperioden vart det oppdaga ein terskel som delar magasinet i to delar. Sunnhordland Kraftlag AS søker dermed samstundes løyve til å senke vasstanden i inntaksdammen nedstrøms terskelen 4,6 m under LRV, ned til kote 189,6, for å betre kunne utnytta vatnet i magasinet. Dette grunngjevast med at terskelen gjer at ein ikkje kan utnytta heile magasinet i senkingsperioden.

Løyve til å regulere Hardelandsvatn vart gitt ved kgl.res. av 20.04.1923 og har ein høgaste regulerte vasstand på kote 198,2 og lågaste regulerte vasstand på kote 194,2.

For å betre flaumavleiinga frå magasinet, skal eksisterande overløpsdam rivast og det skal byggjast ein ny dam med labyrintoverløp. Både teknisk plan og detaljplan for miljø og landskap er tidlegare godkjend av NVE. For å betre flaumsikringa av byggjegropa under anleggsarbeidet er det nødvendig å senke magasinet under LRV.