Publisert 07.08.2020 , sist oppdatert 16.06.2021

Flaumskred

Flaumskred er hurtige, flaumliknande skred som i hovudsak opptrer langs definerte elve- og bekkeløp, men òg der det vanlegvis ikkje er permanent vassføring. Vassmassane kan rive laus og transportere store mengder lausmassar og vegetasjon i og langs løpet. Flaumskred kan bevege seg opp mot 40-50 km/t.

Kva kan utløyse flaumskred?

Kombinasjonen av:

•Kraftig eller vedvarande regn og/eller snøsmelting. 
•Stor vassføring og erosjon.

og eventuelt

•Jordskred
•Sørpeskred
•Dambrudd og jøkulhlaup

For meir info om flaumskred, les faktaark om flaumskred.