Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 10.11.2015 , sist oppdatert 28.03.2022

Mannen

Mannen er eit ustabilt fjellparti som ligger på vestsida av Romsdalen i Rauma kommune, Møre og Romsdal. Øvre del beveger seg med ein hastigheit på omlag 2 cm/år med eit estimert volum på opptil 20 millionar m³. Eit skred fra Mannen vil kunne råke noko busetnad, europaveg E-136 og Raumabanen, og kunne føre til oppdemning av elva Rauma. Om demninga av skredmassar brister kan det bli flaum nedstrøms som vil kunne påverke opptil 1650 innbyggarar i Romsdalen. 

Det årlig nominelle sannsynet for et stort fjellskred frå Mannen er vurdert til å være mellom 1/100 og 1/1000 og risiko for skred er ansett som høg. NVE har difor satt i gang kontinuerlig overvaking av fjellpartiet for å kunne varsle utsatt busetnad i god tid før eit eventuelt skred utviklar seg. Faresonene for utløpsområdet er basert på detaljert modellering frå NGU, og ligg på NVE si database over fareområder for fjellskred.

Mannen er en del av Børa-Mannen-komplekset som blei  kartlagt av NGU på slutten av 1990-tallet. Periodiske målingar med GPS mellom 2006 og 2008 viste at det var mest bevegelsar i det ustabile fjellpartiet Mannen, og eit permanent overvakingssystem blei etablert. Dette består i dag av GPS-antenner, laserar, strekkstag (ekstensometere), tiltmeter, instrumenterte borehol, geofonar og ein bakkebasert InSAR-radar. I tillegg er der ein vêrstasjon og kamera.

Det eksisterande overvakingssystemet er rekna som tilstrekkeleg for å sikre mot tap av menneskeliv, og oppfyller krav til overvaking etter byggteknisk forskrift (TEK17) § 7-4.

 I 2014 blei det påvist eit svært aktivt, lokalt parti som fekk namnet Veslemannen. Partiet hadde i 2014 årlege bevegelsar i overkant av ein meter. Bevegelsane var sesongavhengige og auka betrakteleg de neste åra frem til Veslemannen til slutt rasa ut 5. september 2019. 

Kart over det ustabile fjellpartiet Mannen med tilhørende faresoner:
(trykk og naviger i kartet for informasjon)

Mannen i fugleperspektiv

Foto: Einar Anda/NVE

Utsikt fra Mannen

Foto: Tore Bergeng/NVE

Oversikt Mannen

Foto: Fjellskredseksjonen/NVE