Publisert 27.06.2019 , sist oppdatert 28.08.2020

NVE vedtar tvangsmulkt for manglande rapportering av anleggsdata

NVE har fatta vedtak om tvangsmulkt for 93 konsesjonærar og eigarar av produksjonsanlegg på grunn av manglande rapportering av anleggsdata.

NVE har sendt fleire vedtak til Statnett som systemansvarlig og alle konsesjonærar i kraftbransjen for å opprette og kvalitetssikre ein nasjonal database for kraftsystemdata. Statnett har utvikla Fosweb som innrapporteringsportal av kraftsystemdata. Konsesjonærar for anlegg med spenning på 30 kV og høgare og eigarar av produksjonsanlegg over 1 MW er pålagt å rapportere inn data i denne portalen.

- Data om anlegg i kraftsystemet er eit viktig grunnlag for at både NVE og Statnett skal kunne ivareta sine samfunnsoppgåver. Med Fosweb kan vi forenkle fleire av våre rapporteringskanalar inn til ein hovuddatabase, seier Anne Vera Skrivarhaug, direktør for Energiavdelinga i NVE.

Rapporteringa til Fosweb har hatt ulike fristar, men siste frist, for dei som ikkje har fått utsetting, gjekk ut 1. mai 2018.

NVE sendte 15.mars 2019 ut varsel om at vi vurderer tvangsmulkt for 170 konsesjonærar og eigarar av produksjonsanlegg, dersom desse ikkje rapporterte sine anleggsdata innan 1. juni 2019. Av desse står att 93 selskap som ikkje har ferdigstilt si rapportering, og nå får vedtak om tvangsmulkt. NVE vil følgje opp desse aktørane utover sommaren og hausten.

Kontaktpersonar:

Synnøve Lill Paulen, sylp@nve.no, tlf: 99154616

Eirik Veirød, eioy@nve.no, tlf: 91815997