Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 22.10.2021

Folkemøte om Dalekvam transformatorstasjon

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) vil helde offentleg møte onsdag 27. oktober kl. 19:00. Møtet finn stad i Turbinen på Dale. Temaet er søknaden frå Statnett, BKK Produksjon og BKK Nett om å byggje ein ny transformatorstasjon på Dalekvam i Vaksdal kommune i Vestland fylke.

Nye Dalekvam transformatorstasjon. Illustrasjon: Eva Hjerkinn, Multiconsult

Forslag til utbetringar og endringar

Elvevegen må flyttast nærare Dalelva og krysset Sandlivegen/Elvevegen må utbetrast for å kunne gjennomføre anleggsarbeida. Ein kai på Garnes i Bergen kommune må òg utvidast for å kunne transportere inn ny transformator. Statnett søkjer om eit deponi på Geitabotn, og det vil bli naudsynt å bruke Elvevegen og Sandlivegen til anleggstrafikk i byggjeperioden. Ny transformatorstasjon vil bli noko større enn dagens stasjon, men vil gje frå seg mindre støy. Dagens transformatorstasjon på Dale skal rivast

Møtet er ope for alle. NVE vil orientere om handsaminga av søknaden. Statnett SF, BKK Produksjon og BKK Nett vil orientere om planane.

Du finn søknaden på NVEs nettstad.

Kontakt

Tor Carlsen, sakshandsamar