Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 09.12.2021

NVE gjev løyve til auka vassutak for settefiskanlegg i Bodø

I samband med utviding av settesfiskanlegget i Breivik i Bodø kommune får Salten Smolt AS løyve til auka vassuttak frå Mølnelva. NVE gjev også løyve til endringar i slepp av minstevassføring ved låg vasstand i Gardsvatnet.

Salten Smolt AS planlegg utviding av sitt settefiskanlegg ved Breivik i Bodø kommune, og trenger difor meir vatn. Frå før har dei løyve til regulering av Gardsvatnet og vassuttak frå Mølnfossen.

NVE gjev løyve til eit maksimalt vassuttak på 1000 liter i sekundet, med eit gjennomsnitt over året på 500 liter i sekundet. Når vasstanden i Gardsvatnet nærmar seg lågaste regulerte vasstand er det gjeve løyve til å gradvis senke minstevassføringa ned mot 67 liter i sekundet.

Tiltak for elvemusling

På strekninga mellom Gardsvatnet og inntaket ved Mølnfossen er det ein god bestand av den raudlista arten elvemusling. Vertsfisken til elvemuslingen er lokal aure frå Gardsvatnet. For å sikre forholda for elvemuslingen og vertsfisken, har NVE avgrensa løyvet slik at det auka vassuttaket berre kan tas ut når det er nok vatn i og inn til Gardsvatnet. Løyvet til endringar i minstevassføringsslepp vil kunne sikre elvemuslingen vatn i langvarige tørre periodar. Dette vilkåret kan takast opp til vurdering etter fem år.

Her kan du lese meir om NVEs grunngjeving for vedtaket. 

Kontakt

Gry Berg, seksjonssjef 

M: 412 93 086  

Kristine Naas, sakshandsamar   

T: 22959766