Publisert 12.10.2022

NVE har vurdert løysingar for elektrifisering av NOA og Krafla

NVE har sendt ei innstilling til Olje- og energidepartementet om tilknyting av petroleumsfelta NOA og Krafla med kraft frå land. NVE har vurdert om nettanlegga som Aker BP, LOTOS og Equinor har søkt om er den beste løysinga, dersom felta skal drivast med kraft frå land. Olje- og energidepartementet tar no over vidare sakshandsaming for å avgjere konsesjonssøknaden.

Foto: Bjørn Lytskjold/NVE

Fleire av fråsegna til søknaden er kritiske til elektrifisering av petroleumsfelt. Særleg med tilvising til kraftprisar og forsyning i regionen. Samstundes har enkelte kommunar, som Fitjar, vært positive. NVE har ikkje tatt stilling til om felta skal byggast ut, eller om dei skal forsynast med kraft frå land. Oppdraget til NVE har vore å vurdere verknadane av anlegga for miljø og samfunn, og tilråde den løysinga som gir minst negative verknader.

– NVE har lagt fram ei tilråding til kva for ei løysing som bør veljast, dersom Olje- og energidepartementet seier ja til å elektrifisere desse felta. Alt planlagt forbruk har rett på nettilknyting etter tilknytingsplikta i energilova. NVE har tilrådd den løysinga som har minst negative verknader for kraftsystemet og for arealbruk og miljø, seier Inga Nordberg, direktør for energi- og konsesjonsavdelinga i NVE.

Ny kraftleidning frå Samnanger

Utbygging av nettet i samband med elektrifisering vil påverke ei rekke kommunar i Vestland fylke. Desse inkluderer Samnanger, Bjørnafjorden, Tysnes, Fitjar og Austevoll.

– Dersom petroleumsanlegga skal forsynast med straum frå land er det etter vår vurdering den beste løysinga at det byggast ei ny kraftleidning frå Samnanger transformatorstasjon til NOA og Krafla petroleumsfelt, seier Nordberg.

NVE legg til grunn Statnett si vurdering om at Samnanger transmisjonsnettstasjon er eit sterkt punkt i nettet, og at det er driftsmessig forsvarleg å knyte til auka forbruk her. Forbruket frå tiltaket inngår som venta forbruksauke i regionen, og inngår i datagrunnlaget i NVE sin rapport Langsiktig kraftmarkedsanalyse frå 2021.

Tilrådingane frå NVE

I innstillinga tilrår NVE at det blir gjeve løyve til ein 360 meter lang 420 kV jordkabel frå Samnanger transmisjonsnettstasjon til nye Børdalen transformatorstasjon og  ein 11 km lang 145 kV kraftleidning mellom Børdalen og Ospeviki i Samnanger kommune.

I tillegg vil det være eit nytt kompenseringsanlegg på Årskog og ein 250 km lang sjøkabel frå landfallet i Ospeviki gjennom sjøområde i Samnanger, Fitjar, Bjørnafjorden, Tysnes og Austevoll kommunar og ut til felta NOA og Krafla. NVE tilrår òg at det blir gjeve løyve til ein ny transformatorstasjon i Børdalen, nytt kompenseringsanlegg på Årskog og ei utviding av Samnanger transmisjonsnettstasjon.

Anlegga NVE tilrår løyve til, vil betalast av utbyggjarane Aker BP, LOTOS og Equinor, og vil ikkje belastast nettkundar via nettleiga.

Får verknader for naturmangfald på land og i sjø

Dei elektriske anlegga vil gje negative verknader for naturtypar i form av skoghogst til trasérydding, fugleliv ved auka kollisjonsfare og for fiskeriverksemd under legginga av sjøkabelen. NVE tilrår difor at det blir sett vilkår om ei miljø-, transport- og anleggsplan som vert drøfta med dei påverka kommunane, fylke og grunneigarar. For å redusere verknadane frå anleggsarbeidet under bygginga, tilrår ein òg at det vert sett spesifikke vilkår knytt til fiskeri, marint naturmangfald, skogrydding og transport.

Innstillinga frå NVE vert send til OED, som avgjer saka endeleg. Les meir om tilrådinga på våre nettsider.

Kontakt

Lisa Vedeld Hammer
seksjonssjef
tlf. 41 90 65 23