Publisert 13.01.2021

Kraftsituasjonen veke 1, 2021

Dobling av norske kraftprisar

Førre veke sank temperaturane ytterlegare. Det bidrog til at forbruket auka med 16 prosent frå veka før. Produksjonen auka òg, og ein må tilbake til 2016 for å finne ei veke med like høg produksjon. Vekesprisene i alle prisområda i Noreg, utanom i Nord-Noreg (NO4), auka til om lag 53 øre/kWh, og vart dermed meir enn dobla samanlikna med veka før. Dette er på nivå med kraftprisane i resten av Nord-Europa.

På torsdag og fredag førre veke var kraftprisen i enkelte timar over 100 øre/kWh i alle prisområda utanom i Nord-Noreg. Dei høge prisane hadde si årsak blant anna i høgt forbruk og låg vindkraftproduksjon både i Norden og nord på kontinentet. Eksportkapasiteten ut frå Nord-Noreg vart utnytta fullt ut i førre veke. Kraftprisen i det nordlegaste prisområde vart difor ikkje like høg som i områdane ikring, og enda på 29 øre/kWh i gjennomsnitt for veka.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 1 2021 (PDF).

Kontaktpersonar

Avdelingsingeniør Martin Haug
E-post: mhau@nve.no

Seksjonssjef Åsmund Sunde Valseth
E-post: aasv@nve.no