Publisert 11.01.2023

Kraftsituasjonen veke 1, 2023

Meir kraftproduksjon og høgare prisar

Etter at det vart produsert rekordlite kraft i Noreg siste veka av 2022, gjekk produksjonen opp med nesten 40 prosent i førre veke. Produksjonen var likevel låg for årstida. Fyllingsgraden i vassmagasina fall med 1,9 prosenteiningar og ligg no 3,6 prosenteiningar under medianen. Grunna mykje import til sørlege Noreg, var Noreg nettoimportør av kraft også førre veke. Nettoimporten var på 234 GWh, ein reduksjon på nesten 600 GWh frå veka før, men på om lag same nivå som i veke 51. Vindkraftproduksjonen i landa omkring oss gjekk ned førre veke, noko som bidrog til nedgangen i import av kraft. Etter lågt forbruk gjennom juleveka, var forbruket førre veke igjen tilbake på vanleg nivå for årstida.          

Kraftprisane auka i alle prisområda i Norden og på kontinentet førre veke. Midt-Noreg (NO3) hadde den største auken i Noreg med 86 prosent, noko som gav ein vekepris på 85 øre/kWh. Ein årsak til den store auken var prissmitte frå Sverige i enkelte timar gjennom veka. I sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) auka prisane minst, men trass den låga auka, var vekeprisen på om lag 124 øre/kWh enno blant dei høgaste i Nord-Europa.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 1 2023 her.

Rapporteringen frå vasskraftprodusentane i sørlege Noreg
Det er 10 produsentar i sørlege Noreg som sender inn rapportar med informasjon om produksjon og magasinfylling. Totalt er det data frå 63 kraftverk i desse rapportane. Desse kraftverka har ein samla magasinkapasitet på 43,7 TWh, noko som utgjer 76 prosent av den totale magasinkapasiteten i sørlege Noreg.

Last ned rapporteringen fra produsentane for veke 1 2023 her.

 

Kontaktperson

Ingrid Bjørshol Holm
Epost: ibho@nve.no