Publisert 15.03.2017

Kraftsituasjonen veke 10 2017

Eksportavgrensningar ut av Nord-Noreg.

Lågare vindkraftproduksjon og høgare forbruk bidrog til ein auke i norsk vasskraftproduksjon i veke 10. Unntaket var Nord-Noreg (NO4), der varmare vêr medverka til lågare forbruk og produksjon samanlikna med veka før.

I tillegg har Statnett starta opp att spenningsoppgraderingane i Midt-Noreg, noko som fører til ein halvering av eksportkapasiteten ut av Nord-Noreg. Dette bidrog til at kraftprisen i Nord-Noreg gjekk noko ned i førre veke medan det var ein auke i alle dei andre nordiske elspotområda.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 10 her. (PDF)

Kontaktperson

Overingeniør Jonas Skaare Amundsen,
tlf: 22 95 94 42