Publisert 13.03.2019

Kraftsituasjonen veke 10 2019

Oppgang i straumforbruket gav auka nettoimport.

Lågare temperaturar medverka til at straumforbruket i Norden gjekk opp 6 prosent i førre veke. Forbruksauken vart dekka av høg vindkraftproduksjon og nettoimport.

Både Noreg og Norden hadde årets høgaste nettoimport i førre veke.

Kraftprisane i Noreg gjekk opp samanlikna med veka før, mellom anna grunna ein auke i kraftetterspurnaden.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 10 2019 her. (PDF)

Kontaktperson

Overingeniør Raghav Gogia,
Tlf:22 95 92 25
Epost: rago@nve.no