Publisert 16.03.2022

Kraftsituasjonen veke 10, 2022

Store svingingar i brenselsprisane

Vedvarande uro i energimarknaden bidreg til store svingingar i terminprisane. Tysdag førre veke nådde terminprisane på gass og kol eit rekordhøgt nivå. Prisane fall noko mot slutten av veka, og bidrog til at terminprisane på både nordisk og tysk kraft for dei nærmaste månadene også gjekk ned. Det er stor uvisse rundt korleis Russland sin invasjon av Ukraina vil påverke energimarknadene i tida framover.

Kraftsituasjonen i Norden førre veke var prega av meir vind sør i Norden og nord på kontinentet enn veka før. Høg vindkraftproduksjon i siste halvdel av veka gav fleire timar med import på forbindelsane mellom Noreg og kontinentet.  Dette bidrog til ein nedgang i nettoeksporten frå det sørlege Noreg samanlikna med veka før.

Trass meir vindkraft og import, auka vekeprisen i sørlege Noreg med 24 prosent frå  veka før, og enda på over 200 øre/kWh. Timar med lite vind og høgt forbruk i starten av veka gav enkelttimar med særs høge kraftprisar. På det høgaste var timeprisen i sør 650 øre/kWh.

Fredag 11. mars vart den dominerande retninga på kabelen til Danmark snudd. Dette inneber full kapasitet frå Noreg til Danmark (1680 MW) og 1143 MW frå Danmark til Noreg. Ein feil på kabelen  mellom Noreg og Nederland (NorNed) søndag førre veke gir 330 MW redusert tilgjengelegheit i begge retningar fram til 1. april.

Det finske kjernekraftverket Olkiluoto 3 (1600 MW) starta testproduksjon førre veke og vart kopla til nettet 12. mars. Kraftverket produserer for tida 330 MWh/h. Produksjonen skal gradvis trappast opp og kraftverket er venta å vere i full drift 31. juli.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 10 2022 (PDF). 


Vassmagasinstatistikk

Ved utgangen av veke 10 var fyllingsgrada i norske magasin 34,2 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 44,0 prosent for åra 2002-2021. Gjennomom veka gjekk magasinfyllinga ned med 2,6 prosenteiningar. Nedgang i medianen for veka er 2,1 prosenteiningar.

Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (område 4) med 50,9 prosent, mens Aust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 18,9 prosent.

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

 

Kontaktperson

Rådgiver Silje Jelsness

Epost: sitj@nve.no