Publisert 23.03.2022

Kraftsituasjonen veke 11, 2022

Lågare priser på kol og gass bidrog til reduserte kraftprisar

Vedvarande uro i energimarknadene bidreg til store variasjonar og høg usikkerheit rundt både kraftprisane og brenselsprisane. Terminprisane på kol og gass fall betrakteleg førre veke. Dette medverka til ein redusert marginalkostnad på kol- og gasskraft, og til ein prisreduksjon i terminmarknaden for kraft.

I periodar med lite fornybar kraft i systemet er det ofte brenselprisane som set kraftprisen på kontinentet. I veka som gjekk bidrog fallet i brenselprisar til reduserte kraftprisar i store delar av Norden og på kontinentet. I sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) fall kraftprisane med 12 prosent, og var i gjennomsnitt 182 øre/kWh. Kraftprisane i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) er framleis dei lågaste i Norden, og låg rundt 14 øre/kWh i førre veke.

Handelskapasiteten på kabelen til England (NSL) skulle i følgje marknadsmeldinga auke frå 1050 MW til full kapasitet på 1400 MW førre onsdag. Kapasiteten gitt til marknaden har likevel vore varierande, spesielt for importmoglegheitene. Sidan NSL hovudsakeleg blir nytta til eksport, har desse avgrensingane ikkje påverka flyten mellom Noreg og Storbritannia i særleg grad i veka som gjekk.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 11 2022 (PDF). 

Vassmagasinstatistikk

Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 41,3 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 2,6 prosenteiningar. Nedgang i medianen for veka er 2,4 prosenteiningar.

Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (NO4) med 49,0 prosent, mens Aust-Noreg (NO1) hadde lågast fylling med 15,9 prosent.

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

 

Kontaktperson

Rådgiver Ingvild Vestre Sem

Epost: ivs@nve.no