Publisert 06.04.2022

Kraftsituasjonen veke 13, 2022

Periodar med høge kraftprisar i nord  

Vedvarande uro i energimarknadene bidreg til store variasjonar og høg uvisse rundt både kraftprisane og brenselsprisane for tida. Russland sin invasjon av Ukraina og uvisse rundt konsekvensar av dette kan ha store utslag på prisane i energimarknadene framover.

Kraftprisane i store delar av Norden auka førre veke. Auka i kraftpris var størst nord i Noreg og Sverige. Midt-Noreg (NO3) hadde ein vekespris på 42 øre/kWh, ei auke på nær 180 prosent frå veka før. Kraftprisen var tidvis oppe i  200 øre/kWh, som var på nivå med dei sørlege prisområda. Periodar med særs lite vind nord i Noreg og Sveige, saman med høgare forbruk grunna kaldt vêr, bidrog til dei høge timeprisane. Prisen i Nord-Noreg (NO4) auka ikkje like mykje som i Midt-Noreg. Vekeprisen her var 20,4 øre/kWh, ein auke på 50 prosent frå veka før.  Flaskehals ut av Nord-Noreg bidrog til at prisen der i snitt var lågare enn i Midt-Noreg.

Onsdag førre veke vart ein ny metode for utrekning av utvekslingskapasitet mellom Søraust-Noreg (NO1) og Sør-Sverige (SE3) teken i bruk. I periodar med høg kraftflyt frå Danmark til Sør-Sverige, kan ein høgare importkapasitet bli frigitt på forbindinga frå Sør-Sverige til Søraust-Noreg. I desse periodane kan Søraust-Noreg få høgare import enn ved bruk av den gamle utrekningsmetoden. Ikkje sidan mars 2021 har importmoglegheita frå Sør-Sverige vore så høg som i førre veke.

Utvekslingskapasiteten på fleire av mellomlandsforbindelsane frå sørlege Noreg var redusert førre veke. Skagerak (NO2-DK1) var redusert grunna planlagt vedlikehald og NordLink (NO2-DE) på grunn av ein feil. Feilen på NSL (NO2-GB), som resulterer i halv kapasitet, vil halda fram til 14. juni. Dette er ei utsetjing på over 2 månader samanlikna med tidlegare bodskap frå Statnett.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 13 2022 (PDF). 

Vassmagasinstatistikk

Ved utgangen av veke 13 var fyllingsgrada i norske magasin 27,0 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 38,6 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 2,1 prosenteiningar. Nedgang i medianen for veka er 2,3 prosenteiningar. Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (område 4) med 46,3 prosent, mens Aust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 11,4 prosent. Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

 

Kontaktperson

Silje Jelsness
Epost: sitj@nve.no