Publisert 08.04.2020

Kraftsituasjonen veke 14, 2020

Lågaste vekeprisen sidan 2000 

Gjennomsnittleg kraftpris for Noreg var 5,6 øre/kWh førre veke. Dette er den lågaste vekeprisen sidan sommaren 2000. Også marsprisen vart rekordlåg i Noreg, med ein gjennomsnittleg pris på 9,4 øre/kWh. Den høge hydrologiske balansen er blant årsakene til den låge kraftprisen. Den gode ressurssituasjonen saman med blant anna økt vindkraftkapasitet i Norden har i tillegg bidratt til rekordhøg nettoeksport frå Norden i 2020, samanlikna med same periode dei siste 15 åra. 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 14 her.

Kontaktpersonar

Førstekonsulent Silje Jelsness

Epost: sitj@nve.no

 

Seksjonssjef Åsmund Sunde Valseth

Epost: aasv@nve.no