Publisert 19.04.2023

Kraftsituasjonen veke 15, 2023

Mildt vêr, mykje nedbør og god ressurssituasjon

Det milde vêret held fram i Noreg førre veke og forbruket var framleis lågt i høve til årstida. Forbruket i veke 15 var  omtrent det same som i påskeveka.

Meir produksjon av vind- og solkraft på kontinentet bidrog til full import til sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) i nokre av timar på måndag og tysdag. Dette førte til ein nedgang i produksjonen av regulerbar vasskraft. Kombinert med mildare vêr og mykje nedbør bidrog dette til at fyllingsgraden i sørlege Noreg sank med berre 1,1 prosentpoeng. Fyllingsgraden ligg nær medianen, medan snømagasina framleis er over enn medianen. Ressurssituasjonen er no vesentleg sterkare enn på same tidspunkt i fjor.

Den gjennomsnittlege kraftprisen i sørlege Noreg var på 102 øre/kWh i veke 15, ein nedgang samanlikna med veka før. Prisen i Midt- og Nord-Noreg var på høvesvis 43 og 33 øre/kWh.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 15, 2023 (PDF)

Rapporteringen frå vasskraftprodusentar i sørlege Noreg

Sidan august 2022 har Statnett samla inn informasjon om produksjon frå vasskraftverk i sørlege Noreg, som har betydning for forsyningstryggleiken. Statnett har gjort dette på oppdrag frå NVE. Formålet har vore å gje NVE og OED eit betre grunnlag for å vurdere forsyningstryggleiken gjennom vinter- og vårperioden 2022-2023.

Ressurssituasjonen i sørlege Noreg har styrka seg gjennom vinteren. Sjølv om kraftmarknaden i Europa framleis er prega av lågare gasstilførsel frå Russland, meiner NVE at det ikkje lenger er naudsynt å hente inn informasjon om kraftproduksjon frå magasinkraftverk i sørlege Noreg kvar veke.

Det vil derfor ikkje bli publisert rapportar kvar veke framover, men det vil bli laga ytterlegare ein rapport før sommaren. Publiseringsdato er planlagt til  24.5.2023.

Dersom ressurssituasjonen endrar seg i negativ retning, kan det bli aktuelt å be om ytterlegare rapportering.

Kontaktperson

Jørgen Mathias Taraldsvik Nipen
Epost: jmtn@nve.no