Publisert 05.05.2021

Kraftsituasjonen veke 17, 2021

Mindre prisskilnad mellom nord og sør 

Midt- og Nord-Noreg fekk nær ei dobling av kraftprisen førre veke og hadde kraftprisar på nivå med dei sørlege prisområda for første gang sidan februar. Dette kjem av færre timar kor kraftflyten vart avgrensa grunna for låg overføringskapasitet i nettet nord-sør i Sverige. Kraftprisane i nord samanfall difor med dei sørlege kraftprisane i fleire timar. Dette har mellom anna samanheng med ei auke i kraftforbruk i nord, lågare kjernekraftproduksjon i Finland og låg vindkraftproduksjon. 

Prisen på kol, gass og utsleppskvotar for CO2 har auka dei siste vekene. Dette bidrar til høgare kraftprisar i landa Noreg har handelsforbindelse til, der kol- og gasskraft utgjer ein viktig del av kraftforsyninga. Handelen med kraft har difor bidratt til høgare prisar også i Noreg. 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 17 2021 (PDF).

Kontaktpersonar

Rådgiver Silje Jelsness

Epost: sitj@nve.no