Publisert 10.05.2017

Kraftsituasjonen veke 18 2017

Kraftig nedgang i forbruk og produksjon.

I veke 18 gjekk den gjennomsnittlige temperaturen opp over heile landet. Det medverka saman med fridagen 1. mai til at forbruket gjekk ned med 15 prosent. Resten av Norden hadde den same forbruksutviklinga.

Nedgangen i etterspurnad etter kraft i Norden saman med ein auke i vindkraftproduksjon medverka til lågare kraftprisar. Dette bidro til ein reduksjon i den norske kraftproduksjonen på 552 GWh, trass i høgare tilsig.

Den 1. mai nådde dansk solkraft ein topp på 670 MW, noko som bidrog til negative prisar saman med vindkraft og billig import frå Tyskland.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 18 her. (PDF)

Kontaktpersoner

Rådgjevar Martin Andreas Vik, tlf: 22 95 93 31

Seniorrådgjevar Gudmun Bartnes, tlf: 22 95 93 46