Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 10.05.2023

Kraftsituasjonen veke 18, 2023

Høg solkraftproduksjon på kontinentet trakk ned kraftprisane på dagtid

Det var framleis kaldare enn normalt i førre veke, men noko mildare vêr enn veka før. Dette var med på å forklare at norsk kraftforbruk gjekk ned frå veke 17 til veke 18.  

Ein nedgang i gassprisen, kombinert med meir solkraftproduksjon bidrog til at kraftprisane på kontinentet gjekk ned sist veke. Solkraftproduksjonen var med på å trekke ned kraftprisane på dagtid, og ga Noreg tilgang på import  frå kontinentet i dei mest solrike timane gjennom veka. Dette bidrog til lågare norsk kraftproduksjon i veka som gjekk.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 18, 2023 (PDF)

Fyllingsgraden i Noreg gjekk ned med 1,3 prosentpoeng til 26,5 prosent ved utgangen av førre veke. Magasinfyllinga ligg no 5,5 prosentpoeng under medianen. Det er venta at snøsmeltinga vil ta seg opp i løpet av inneverande veke.  

Les meir om vassmagasinstatistikken her.

Kontaktperson

Henriette Birkelund
Epost:henb@nve.no