Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 19.01.2022

Kraftsituasjonen veke 2, 2022

Mykje vind og lågare kraftprisar i Norden

Førebelse tal viser at vindkraftproduksjonen i  Norden var den høgaste over ei veke nokon sinne førre veke. Vindkraftproduksjonen var på om lag 2,5 TWh, og stod for 25 prosent av den nordiske kraftproduksjonen for veka.

Mildare vêr i Norden bidrog til lågare forbruk samanlikna med veka før. Saman med mykje vind bidrog dette til lågare kraftpris i alle dei nordiske prisområda. Det var spesielt stor auke i vindkraftproduksjon i dei nordlege prisområda. Kraftprisen nord i Noreg (NO3, NO4) og Sverige (SE1, SE2) vart nesten halvert frå veka før, og gjennomsnittsprisen enda på om lag 25 øre/kWh.

Sørlege Noreg hadde framleis den høgaste vekeprisen i Norden. Søraust- og Sørvest-Noreg (NO1 og NO2) hadde ein gjennomsnittleg vekepris på 146 øre/kWh, medan Vest-Noreg (NO5) hadde ein vekepris på 140 øre/kWh. Kraftprisen i sørlege Noreg var i mindre grad påverka av periodane med mykje vindkraft. Vedvarande avgrensingar på importkapasiteten frå Sør-Sverige (SE3) og Danmark (DK1) bidrog til mindre moglegheit til import av rimeleg kraft. I tillegg var det høg tilgjengeleg kapasitet på mellomlandsforbindingane til Nederland, UK og Tyskland. Høgare kraftprisar i desse landa gav eksport store delar av veka.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 2 2022 (PDF)

Vassmagasinstatistikk

Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 1,1 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2002-2021 er 65,4 prosent. Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (område 4) med 65,5 prosent, mens Vest-Noreg (område 5) hadde lågast fylling med 45,2 prosent. 

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

Kontaktperson

Rådgiver Silje Jelsness

Epost: sitj@nve.no