Publisert 26.05.2021

Kraftsituasjonen veke 20, 2021

Lågare kraftpris og timar med tilnærma nullprisar i sør

Den gjennomsnittlege kraftprisen i Noreg var på 36,8 øre/kWh førre veke, ein reduksjon på om lag 13 prosent frå veka før. Også i store delar av førre veke var prisen i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) jamt over lågare enn i resten av landet.

Tidleg laurdag morgon hadde Sør- og Aust-Noreg (NO1 og NO2) enkelttimar med tilnærma nullprisar. Høg vindkraftproduksjon og lågt forbruk bidrog til dei låge prisane. Utover dagen, når forbruket auka, vart høgare prissett kraftproduksjon teken i bruk, og kraftprisen gjekk opp.

Etter toppnoteringa i veke 19, sank kvoteprisen på CO2 førre veke. Reduksjonen medverka til at også terminprisen på tysk kraft gjekk ned.     

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 20 2021 her

Kontaktperson

Senioringeniør Ingrid Bjørshol Holm

Epost: ibho@nve.no