Publisert 24.05.2023

Kraftsituasjonen veke 20, 2023

Varmare vêr og mykje uregulerbar kraftproduksjon gav låge kraftprisar

Ved utgangen av veke 20 auka fyllingsgraden i magasina i Noreg til 34,1 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 37,6 prosent. På grunn av mykje snøsmelting har det kome meir tilsig til vasskraftmagasina enn gjennomsnittet dei siste to vekene. Det er venta at dette vil halde fram i inneverande veke.

Høgare temperaturar og fleire fridagar bidrog til lågare forbruk i Norden førre veke. Total kraftproduksjon i Noreg gjekk også ned, og det var spesielt den regulerbare vasskrafta som minka.

Det låge forbruket, auka tilsig og høg kraftproduksjon frå sol- og vindkraft bidrog til ein stor nedgang i kraftprisane. Natt til onsdag var kraftprisane negative i deler av Norden, og i helga var det negative timeprisar både i Norden og på kontinentet. På dagtid søndag var prisane heilt nede i -5,9 øre/kWh i alle dei norske prisområda.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 20, 2023 (PDF)

Les meir om vassmagasinstatistikken her.

Rapporteringen frå vasskraftprodusentane i sørlege Noreg
Det er 10 produsentar i sørlege Noreg som sender inn rapportar med informasjon om produksjon og magasinfylling. Totalt er det data frå 63 kraftverk i desse rapportane. Desse kraftverka har ein samla magasinkapasitet på 43,7 TWh, noko som utgjer 76 prosent av den totale magasinkapasiteten i sørlege Noreg.

Rapportering av kraftproduksjon kvar veke blei avslutta 14.4.2023, men i Kraftsituasjonen veke 15, 2023 blei det varsla at det vil bli publisert ein rapport til om regulerbar vasskraftproduksjon i sørlege Noreg før sommaren.

Last ned rapporteringen fra produsentane for veke 20 2023 her.

Kontaktperson

Christine Birkeland
Epost:cbi@nve.no