Publisert 02.06.2021

Kraftsituasjonen veke 21, 2021

Ulik pris i fleire av prisområda i Noreg

Den gjennomsnittlege kraftprisen i Vest-, Sør- og Aust-Noreg var om lag 48 øre/kWh førre veke. Prisen i Nord-Norge var om lag halvparten, noko som blant anna hang saman med låg eksportkapasitet på overføringsforbindelsen mot Sverige grunna planlagt vedlikehaldsarbeid på svensk side. Kraftprisen i Midt-Noreg følgde Nord-Sverige i større grad og låg midt i mellom prisen i Nord-Noreg og dei sørlege prisområda på 31,9 øre/kWh.  

Noreg eksporterte kraft stort sett heile førre veke. I helga vart det i nokre timar midt på dagen importert billigare kraft frå kontinentet. Timane med import samanfall med ein auke i tysk solkraftproduksjon samtidig som det var lågt forbruk. I gjennomsnitt var 70 prosent av eksportkapasiteten ut frå Noreg tilgjengeleg førre veke.

Årlege vedlikehaldsarbeid sett sitt preg på den nordiske kjernekraftproduksjon. I Sverige vart tilgjengeleg produksjonskapasitet redusert frå om lag 80 til 50 prosent førre veke. I Finland låg kjernekraftproduksjonen på i underkant av 70 prosent.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 21 her.

Kontaktperson

Avdelingsingeniør Martin Haug

Epost: mhau@nve.no