Publisert 07.06.2017

Kraftsituasjonen veke 22 2017

Auka norsk vasskraftproduksjon.

I veke 22 gjekk den gjennomsnittlige temperaturen ned over heile Noreg. Det medverka til ein prisoppgang i alle dei nordiske prisområda sammenlikna med veka før.

Norsk vasskraftproduksjon auka totalt sett med om lag 100 GWh i førre veke, medan det var ein nedgang i vasskraftproduksjonen i Nord-Noreg (NO4). Magasinfyllinga i NO4 ligg no 5,9 prosenteiningar under historisk minimum for veka (2002-2016), men det er venta meir snøsmelting frå veke 23.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 22 her. (PDF)

Kontaktperson

EnergiTrainee Øivind Høivik,
tlf: 475 02 800