Publisert 14.06.2017

Kraftsituasjonen veke 23 2017

Varmt, vått og vindfullt vêr i Norden

Varmare vêr bidrog til høg snøsmelting i Midt-Noreg og Nord-Noreg i førre veke. Kraftsituasjonen nord for Ofoten har vore stram frå 11. mai til 9. juni grunna låg magasinfylling, sein snøsmelting og høgare forbruk enn normalt. No som snøsmeltinga har komme i gong vurderer Statnett situasjonen som normal.

I starten av veke 23 var det mykje vindkraftproduksjon i Sverige, Danmark og Tyskland, som bidrog til svært låge prisar tre nettar på rad i dei nordiske elspotområda. I Tyskland vart det sette produksjonsrekord frå sol og vind på onsdag, da totalproduksjonen frå desse energikjeldane var over 52 GW i ein enkelttime.

Last ned kraftsituasjon veke 23

Kontaktperson:

Overingeniør, Jonas Skaare Amundsen: 47 64 34 57