Publisert 23.06.2021 , sist oppdatert 29.06.2021

Kraftsituasjonen veke 24, 2021

Kraftflyt mellom Noreg og England for første gang

For tiande veke i rad var Noreg nettoeksportør av kraft i veke 24. Nettoeksporten var på 491 GWh. På fredag førre veke vart det for første gang sendt kraft mellom Noreg og England via NSL-kabelen (North Sea Link). Kabelen har ein total kapasitet på 1400 MW, men vart på fredag testkøyrt gjennom å eksportere og importere 30 MW. Testen hadde ingen innverknad på prisane i kraftmarknaden.  

Kraftprisen i Sørvest-Noreg (NO2) gjekk ytterlegare opp førre veke og låg i snitt på 52 øre/kWh. Nord- og Midt-Noreg (NO4 og NO3) hadde dei klart lågaste prisane i Norden med høvesvis 21,4 og 27,8 øre/kWh. Vedvarande flaskehalsar i nettet, både internt i Noreg og mot utlandet, bidreg til å oppretthalde prisforskjellen mellom nordlege og sørlege prisområda.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 24, 2021 her.