Publisert 24.06.2020 , sist oppdatert 25.06.2020

Kraftsituasjonen veke 25, 2020

Ytterlegare redusert norsk kraftpris og utfordringar i det svenske kraftnettet

Førre veke fall den norske kraftprisen ytterlegare og låg i gjennomsnitt på 2,05 øre/kWh over veka. Våtare vêrvarsel, framleis mykje lagra snø og aukande fyllingsgrad i dei norske vassmagasina bidrog til at den nordiske terminprisen for neste kvartal fall med 12 prosent frå veka før. Dette gjer at dei nordiske terminprisene ligg omlag 20 øre/kWh under prisen på den tyske terminkontrakten.

I Sverige auka den gjennomsnittlege vekesprisen med over 50 prosent. I Midt- og Sør-Sverige kan det bli utfordringar med å oppretthalde stabiliteten av spenninga i kraftnettet, grunna mykje ikkje-regulerbar kraftproduksjon og at fleire kjernekraftverk er ute av drift. For å betre situasjonen har Svenska Kraftnät mellom anna gjort ein avtale med Ringhals 1 om å starte opp att drifta allereie i byrjinga av juli.

Det er framleis ein del redusert kapasitet på fleire overføringar frå Sør- Noreg. Gjennom veka var det tilnærma maksimal utnytting av tilgjengeleg overføringskapasitet ut frå Noreg.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 25 her.

Merknad: Budskapet i kraftsituasjonsrapporten for veke 25 er oppdatert 25.06.2020

 

Kontaktpersonar

Frida Hugaas Aulie

frau@nve.no