Publisert 29.06.2022

Kraftsituasjonen veke 25, 2022

Høge kraftprisar og høg nettoeksport frå Sørlege Noreg

Det er framleis høge kraftprisar i Sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5). I Sørvest-Noreg (NO2) var vekeprisen 222 øre/kWh, ein auke på over 20 prosent frå veka før. I starten av veka følgde kraftprisen i Sørvest-Noreg med opp på nivå med prisane på kontinentet i fleire timar. Måndag morgon var kraftprisen i Sørvest-Noreg over 500 øre/kWh. Dette var i høglasttimar med låg sol- og vindkraftproduksjon i Norden og på kontinentet. I Søraust- og Vest-Noreg (NO1 og NO5) var vekeprisane på nivå med veka før, og enda på 160 øre/kWh. Flaskehalsar i nettet gav lågare kraftpris i Søraust- og Vest-Noreg enn i Sørvest-Noreg.

I Sørlege Noreg var det nettoeksport i 162 av 168 timar førre veke. Dei høge prisane på kontinentet bidrog til auka norsk vasskraftproduksjon og den nest høgaste nettoeksporten over ei veke frå Sørlege Noreg så langt i år.

I Midt- og Nord-Noreg gjekk vekeprisen ned med 20 prosent til 8 øre/kWh. Det er fleire faktorar som bidreg til dei låge prisane. Fyllingsgraden i vassmagasina i desse prisområda ligg over medianen, og det kom mykje snø i desse områda denne vinteren. Dei høge temperaturane i nord gjer at det vil bli mykje snøsmelting på kort tid. I tillegg til den gode ressurssituasjonen, auka vindkraftproduksjonen frå veka før. Det er og reduserte eksportmoglegheiter ut av Nord-Noreg på grunn av planlagt vedlikehald, noko som bidreg til lågare kraftpris.

Vedvarande uro i energimarknadane bidreg til store variasjonar og høg uvisse rundt både kraftprisane og brenselsprisane for tida. Russland sin invasjon av Ukraina og uvisse rundt konsekvensar av dette kan gje store utslag på prisane i energimarknadane framover.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 25 2022 (PDF).

Vassmagasinstatistikk

Ved utgangen av veke 25 var fyllingsgrada i norske magasin 53,0 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 63,7 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka auka magasinfyllinga med 4,5 prosenteiningar. Høgast magasinfylling hadde Midt-Noreg (NO3) på 70,9 prosent, medan Sørvest-Noreg (NO2) hadde lågast fylling på 43,2 prosent. Les meir om vassmagasinstatistikk her.

Kontaktperson

Hege Bruvik Kvandal
Epost: hekv@nve.no