Publisert 20.07.2022

Kraftsituasjonen veke 28, 2022

Høge kraftprisar og låg kraftproduksjon i sørlege Noreg

Kraftprisane i Sørvest-Noreg (NO2) var i gjennomsnitt 251 øre/kWh førre veke, noko som er ein auke på 30 prosent samanlikna med veka før, og det høgaste nivået for denne tida av året nokon gong. Søraust- og Vest-Noreg (NO1, NO5) hadde vekesnitt på 164 øre/kWh, ein auke på 12 prosent.

For sørlege Noreg (NO1, NO2, NO5) visar førebelse tal at førre veke var kraftproduksjonen den lågaste for veke 28 på over ti år, og om lag på same nivå som veka før. I førre veke auka fyllingsgraden i magasina i sørlege Noreg med 1,2 prosentpoeng, men er framleis svært låg for årstida.

Dei høge kraftprisane har samanheng med den låge kraftproduksjonen og eit høgare prisnivå i landa Noreg har mellomlandsforbindingar med. Sørlege Noreg og spesielt Sørvest-Noreg følgde kraftprisen til nabolanda oftare enn vi har sett elles i år. At kraftprisane følgjer prisnivået til nabolanda, er eit uttrykk for at fleire vasskraftprodusentar sparar på vatnet og verdset det høgt. Når vatnet blir verdsett høgt, blir kraftproduksjon generelt lågare gjennom veka. Dermed blir det også mindre eksport. Kraftprisane vil då i større grad bli påverka av kraftprisane i nabolanda våre.

Ein vindstille måndag og tysdag i både Norden og på kontinentet bidrog til høg eksport i starten av veka, auke i vindkraftproduksjon utover veka ga mindre eksport og periodar med import. Nettoeksporten frå sørlege Noreg for veka sett under eitt var tilnærma uendra frå veka før, og er låg for årstida.

Sjølv om kraftprisen i gjennomsnitt var svært høg førre veke, var det også timar med svært låge prisar. På laurdagen var kraftprisen svært låg midt på dagen. Ein høg andel fornybar kraftproduksjon og lågare helgeforbruk bidrog til dei svært låge kraftprisane. I enkelte timar var kraftprisen negativ i Sverige, Danmark, Tyskland og Nederland. Høg import av rimeleg kraft ga også sørlege Noreg svært låg kraftprisar i desse timane. Slike korte periodar med svært låge kraftprisar illustrerer korleis variabel tilgang frå fornybar teknologiar kan gje store utslag i eit vêrbasert kraftsystem.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 28 2022 (PDF).

Vassmagasinstatistikk 
Ved utgangen av veke 28 var fyllingsgrada i norske magasin 64,0 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 72,1 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka auka magasinfyllinga med 1,8 prosenteiningar. Høgast magasinfylling hadde Midt-Noreg (prisområde 3) med 87,4 prosent, mens Sørvest-Noreg (prisområde 2) hadde lågast fylling med 48,3 prosent. Les meir om vassmagasinstatistikk her.

Kontaktperson

Overingeniør Lars Eirik Eilifsen
Epost: laee@nve.no