Publisert 25.07.2018

Kraftsituasjonen veke 29 2018

Høg straumpris for årstida.

Straumprisen er høg for årstida, og var for første gang over 50 øre/kWh i veke 29. Tidlegare har vi registrert prisar mellom 40-44 øre/kWh i 2008 og 2006 i den same veka. Prisnivået i Noreg var i veke 29 ganske likt som resten av Norden og tilgrensande europeiske land.

Samanlikna med i fjor har nordiske kraftprisar auka mykje. Prisauken heng samen med ein redusert hydrologisk balanse grunna tørt og varmt vêr. I tillegg har det vore ein auke i produksjonskostnadar på fossil kraftproduksjon, mellom anna har prisen på CO2-kvotar gått opp frå ca. 50 kr/tonn i juli 2017 til 164 kr/tonn ved utgangen av førre veke.

I framtidsmarknadene handles vinterkontraktar for nordisk kraft på lågare prisar enn august-kontrakten. Kontrakten for august ende på 52 øre/kWh etter siste handelsdag i veke 29. Kontraktane for 4. kvartal 2018 og 1. kvartal 2019 ende på høvesvis 50,3 og 48,2 øre/kWh.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 28 her. (PDF)

Kontaktperson

Rådgjevar Harald Endresen, tlf: 22 95 94 19