Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 26.01.2022

Kraftsituasjonen veke 3, 2022

Høg vindkraftproduksjon og ytterlegare prisreduksjon i Norden

Vindkraftproduksjonen i Norden auka ytterlegare i veka som gjekk, og stod for nesten 27 prosent av total produksjon. Samstundes vart det ein betydeleg auke i tysk vindkraft. Med god tilgang på rimeleg vindkraft fall norsk nettoeksport med 57 prosent frå veka før.

Den høge vindkraftproduksjonen bidrog til at kraftprisane fall for andre veke på rad. Størst prisfall såg vi nord i Noreg og Sverige der prisreduksjonen låg på rundt 36 prosent (NO3 og NO4) og 39 prosent (SE1 og SE2).

Prisvariasjonen var høg gjennom veka i både Danmark, Finland og sørlege Sverige (SE3 og SE4), med timeprisar heilt nede mot 9 øre/kWh i periodar med mykje vind. Avgrensingar i importkapasiteten bidrog til å dempa prisfallet i sørlege Noreg (NO1, NO2, og NO5) i desse periodane. Sørlege Noreg endar med det opp med høgast gjennomsnittleg vekepris i Norden, på 1,39 kr/kWh i NO1 og NO2 og 1,37 kr/kWh i NO5.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 3 2022 (PDF)

Vassmagasinstatistikk

Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 1,6 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2002-2021 er 62,8 prosent. Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (område 4) med 64,9 prosent, mens Aust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 42,8 prosent.

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

Kontaktperson

Rådgiver Ingvild Vestre Sem

Epost: ivs@nve.no