Publisert 25.01.2023

Kraftsituasjonen veke 3, 2023

Høgare kraftproduksjon og nettoeksport

Kaldare vêr bidrog til ein auke i forbruket i store delar av landet førre veke, særleg i sør. Kraftproduksjonen i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) auka kraftig frå veka før, og  var tilbake på eit normalt nivå for årstida førre veke. Vasskraftproduksjonen i Søraust- og Vest-Noreg (NO2 og NO5) stod for det meste av auken. Fyllingsgraden i vassmagasina fall med 3,1 prosenteiningar førre veke og ligg no 3,8 prosenteiningar under medianen.

Det var mykje eksport frå sørlege Noreg førre veke, og Noreg gjekk frå å vere nettoimportør til nettoeksportør av kraft. Nettoeksporten var på om lag 500 GWh. Lågare vindkraftproduksjon både i Norden og på kontinentet bidrog til den høge eksporten frå sørlege Noreg.  

Kraftprisane gjekk opp i alle prisområda i Norden og på kontinentet førre veke. I sørlege Noreg var vekeprisen 146 øre/kWh, ein auke på om lag 40 prosent frå veka før. Auken var ikkje like stor i nord, der var vekeprisen 86 øre/kWh i Midt-Noreg (NO3) og 53 øre/kWh i Nord-Noreg (NO4). Kraftprisane i Tyskland, Danmark og Storbritannia var stort sett høgare enn i Noreg, Noreg var derfor nettoeksportør av kraft store deler av veka.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 3 2023 her.

Rapporteringen frå vasskraftprodusentane i sørlege Noreg
Det er 10 produsentar i sørlege Noreg som sender inn rapportar med informasjon om produksjon og magasinfylling. Totalt er det data frå 63 kraftverk i desse rapportane. Desse kraftverka har ein samla magasinkapasitet på 43,7 TWh, noko som utgjer 76 prosent av den totale magasinkapasiteten i sørlege Noreg.

Last ned rapporteringen fra produsentane for veke 3 2023 her.

 

Kontaktperson

Hege Bruvik Kvandal
Epost: hekv@nve.no