Publisert 05.09.2018 , sist oppdatert 07.09.2018

Kraftsituasjonen veke 35 2018

Lågare vind og kjernekraft i Norden auka kraftprisane.

Førre veke gjorde vedlikehald på kjernekraft i Sverige at kraftproduksjonen i Norden gjekk ned. Samstundes vart det mindre vindkraftproduksjon i Danmark og Sverige. Dette medverka til at kraftbalansen Norden svekkja seg med om lag 400 GWh samanlikna med veke 34.

 

Mindre kraft på marknaden bidrog til at kraftprisane i Norden auka med over 10 prosent. Det medverka til at Norden importerte kraft frå Tyskland i sør og auka importen frå Russland og Estland i aust. I Noreg vart kraftprisane over 50 øre/kWh i snitt for veka, men var framleis dei lågaste i Norden. Det bidrog til at Noreg eksportere 18 prosent av kraftproduksjonen, der mesteparten gjekk til Sverige og Danmark.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 35 her. (PDF)

Kontaktperson

Rådgjevar Martin Andreas Vik

Tlf: 99774549

E-post: mavi@nve.no