Publisert 13.09.2017

Kraftsituasjonen veke 36 2017

Lågare temperaturar løfta forbruket

Lågare temperaturar bidrog til høgare kraftforbruk i Norden, og bidrog til nordisk nettoimport. Samstundes vart vindkraftproduksjonen dobla samanlikna med veka før.

Eksporten frå Nord-Noreg til Midt-Noreg vart nær dobla samanlikna med veka før. Det medverka til auke i prisen i nord, og nedgang i prisen i Midt-Noreg.

Prisen på utslippsrettar steig med 20 prosent til det høgaste nivået på nærare to år. Dette skuldast i hovudsak forventingar om ein innstramming i regelverket i forkant av ein avstemming i EU-parlamentet.

 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 36 her. (PDF)

Kontaktperson

Rådgjevar Martin Andreas Vik, tlf: 22 95 93 31