Publisert 06.10.2021

Kraftsituasjonen veke 39, 2021

Vått og vindfullt vêr bidrog til lågare kraftprisar sist veke

Høg vindkraftproduksjon i Norden og på kontinentet bidrog til at vekeprisen på kraft falt i alle prisområda frå veke 38 til veke 39. Nedgangen kjem hovudsakleg av at kraftprisane søndag morgon falt ned til og under null. Negative kraftprisar er ikkje vanlege i Noreg, og oppstår typisk når låg etterspurnad samanfall med høg uregulerbar kraftproduksjon.

Meir nedbør og vind bidrog òg til at den norske ressurssituasjonen vart betra samanlikna med veka før. Den nors­ke magasinfyllinga gjekk opp med 1,7 prosentpoeng frå veke 38 til 39, og ligg no 18 prosentpoeng under median.

North Sea Link (NSL) vart satt i prøvedrift fredag 1. oktober, og er dermed offisielt tilgjengeleg for handel i kraftmarknaden. Sjøkabelen vil kunne overføre 1400 MW kraft mellom Storbritannia og Sørvest-Noreg (NO2), men vil ha avgrensa kapasitet på 700 MW den første tida. Forbindelsen blei nytta utelukkande til eksport førre veke.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 39 2021 (PDF).

Kontaktperson

Avdelingsingeniør Martin Haug

 

Seniørrådgiver Henriette Birkelund

E-post: henb@nve.no