Publisert 28.10.2020

Kraftsituasjonen veke 43, 2020

Auke i produksjon og forbruk

Både kraftproduksjonen og forbruket i Noreg auka førre veke, samanlikna med veka før. Produksjonen var på 3,3 TWh, noko som svarte til ein auke på fem prosent, medan forbruket gjekk opp sju prosent og var på 2,7 TWh.

Noreg hald fram med å eksportere mykje kraft førre veke, men det var likevel nettoimport i nokre timar på torsdag og søndag. Bakgrunnen for dette var periodar med mykje vindkraftproduksjon og særs låge kraftprisar på kontinentet. Den gjennomsnittlege kraftprisen i Noreg var på 17,4 øre/kWh førre veke, noko som var ein reduksjon på om lag åtte prosent frå veka før.

Last ned ukas kraftsituasjonsrapport her

Kontaktperson

Senioringeniør Ingrid Bjørshol Holm

ibho@nve.no