Publisert 08.11.2017

Kraftsituasjonen veke 44 2017

Stabile kraftprisar

Etter ein periode med svært mykje vind i veke 43, var vindkraftproduksjonen i både Tyskland og Norden meir moderat sist veke. Produksjonsnedgangen bidrog til at kraftprisane i Danmark og Tyskland gjekk opp, medan prisane i dei andre nordiske områda hald seg relativt stabile samanlikna med veka før.

I Norden vart den lågare vindkraftproduksjonen erstatta av norsk vasskraftproduksjon, samstundes som kjernekraftproduksjonen i både Finland og Sverige gjekk opp som følgje av Forsmark 3 og Olkiluoto 1 var tilbake frå vedlikehald.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 44 her. (PDF)

Kontaktperson

Rådgjevar Henriette Birkelund;
Tlf: 22 95 92 78