Publisert 16.11.2022

Kraftsituasjonen veke 45, 2022

Høgare produksjon og nettoeksport frå sørlege Noreg

Kraftproduksjonen i Noreg auka førre veke. Etter mange veker med låg produksjon for årstida i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5), var kraftproduksjonen i veka som gjekk på normalen for dei siste ti åra. Auken i kraftproduksjon hadde si årsak i mykje vind og nedbør. Dette ga høg produksjon frå vasskraftverk som ikkje hadde plass i magasina til å lagre vatnet til eit seinare tidspunkt. I starten av helga var det også særs mykje vind i heile Norden. Dette, i kombinasjon med billig vasskraft, bidrog til nullprisar i Noreg og negative prisar i enkelte timar i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4).

Vekeprisen i sørlege Noreg enda på 28 øre/kWh. Dette er den lågaste vekeprisen området har hatt sia 2020. Midt-Noreg og Nord-Noreg hadde vekepriser på høvesvis 23 og 16 øre/kWh. Prisane i dei forskjellige prisområda i Noreg låg dermed nærare kvarandre enn det dei har gjort på lenge.

Dei låge prisane medførte at Noreg hadde høg eksport til andre land der det var dyrare å produsere kraft og prisane var høgare. Både sørlege Noreg og Noreg som heilheit var derfor nettoeksportørar gjennom veka.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 45 2022 her.

Rapporteringen frå vasskraftprodusentane i sørlege Noreg
Det er 10 produsentar i sørlege Noreg som sender inn rapportar med informasjon om produksjon og magasinfylling. Totalt er det data frå 63 kraftverk i desse rapportane. Desse kraftverka har ein samla magasinkapasitet på 43,7 TWh, noko som utgjer 76 prosent av den totale magasinkapasiteten i sørlege Noreg.

Last ned rapporteringen fra produsentene for veke 45 2022 her. 

Kontaktperson

Erlend Aarskaug Rud
Epost: eaar@nve.no