Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 24.11.2021

Kraftsituasjonen veke 46, 2021

Høg vindkraftproduksjon i Norden

I veke 46 var vindkraftproduksjonen i Norden den høgaste over ei veke så langt i år. Særleg i Danmark blåste det mykje, og Noreg importerte kraft frå Danmark store deler av veka. Noreg var framleis nettoeksportør av kraft i veke 46, men samanlikna med veka før blei nettoeksporten halvert.

Vekeprisen i det sørlege Noreg (NO1, NO2, NO5) var 91 øre/kWh i veke 46, ein nedgang på 4 prosent frå veka før. I Midt- og Nord-Noreg (NO3, NO4) gjekk vekeprisen ned med 5 prosent og enda på 13,6 øre/kWh. Det har vore ein vedvarande prisforskjell mellom nord og sør i Noreg store delar av året.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 46 2021 (PDF) 

Vassmagasinstatistikk
Ved utgangen av veke 46 var fyllingsgrada i norske magasin på 71,2 prosent. Den samla fyllingsgrada er omtrent uendra frå veka før. Medianverdien for fyllingsgrada på tilsvarande tidspunkt for åra 2001–2020 er 80,9 prosent. Nord-Noreg (NO4) hadde høgast magasinfylling med 81,8 prosent. Sørvest-Noreg (NO2) hadde lågast magasinfylling på 63,8 prosent. Les meir om Vassmagasinstatistikk her.

 

Kontaktperson

Avdelingsingeniør Hege Bruvik Kvandal
Epost: hekv@nve.no